Det vart i ettermiddag kl. 15.19 gjort funn av ein død person i Litlevatnet i Elnesvågen i Hustadvika kommune. Funnet vart gjort i området der det tidlegare er gjennomført søk etter ein namngitt, sakna person. Den avdøde vart funnen i vatnet av ein politipatrulje. Politiet kan per no ikkje stadfeste om den avdøde er same person som det har vore leita etter, før endeleg identifisering ligg føre. Den avdøde vil bli sendt til obduksjon for å fastslå identitet og mogleg dødsårsak. Pårørande til den sakna personen er varsla om funnet.
Om hendelsen og datakilden
Registrert status hos politiet: Pågår. Statusen gjelder politiets registrering og er ikke en vurdering av situasjonen nå.