Politiet ønskjer å åtvare innbyggarane om omreisande personar i fylket som særleg oppsøker eldre personar og sårbare ved dørsal. Vi har fått fleire meldingar dei siste dagane om personar, i område frå Sunnmøre til Nordmøre, som er kontakta av pågåande blomsterseljarar. Det er også meldt inn tilfelle der personar er forsøkt eller utsette for såkalla vekslingsbedrageri. I tilfelle som er meldt inn til politiet dei siste dagane, er det snakk om utanlandske seljarar som i nokre tilfelle er opplevde som svært pågåande. Dei lurer blant anna kjøparen til å tru at dei ikkje har gitt frå seg pengane eller gir for lite tilbake i veksel. Det kan sjå ut som at dei oppsøker omsorgsinstitusjonar, eldresenter eller eldre som framleis bur i eigen bustad. Våre generelle råd er: - Ver varsam i møte med oppsøkande dørsal. - Snakk med familiemedlemmer om temaet; særleg sårbare og eldre - Avvis og ta kontakt med politiet så raskt som mogleg dersom du opplever å føle deg truga. - Dersom du har blitt lurt bør du ta kontakt med politiet for vidare råd og rettleiing. .
Om hendelsen og datakilden
Registrert status hos politiet: Avsluttet. Statusen gjelder politiets registrering og er ikke en vurdering av situasjonen nå.