Ulykka har skjedd i Smårisevadet i Saunesmarka ved ved krysset til fv61 Hareidsvegen. Påkøyrsel bakfrå. Ein lastebil har ikkje klart å stoppe slik at tre bilar framom har fått skade. Det er glatt på staden. To bilførarar er frakta til legevakt/sjukehus for undersøking og behandling. Trafikken flyt greit forbi på fv61.
Naudetatane rykker ut etter melding om trafikkulykke i området ved Saunesmarka. Ein lastebil og tre personbilar skal vere involvert. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade.
Om hendelsen og datakilden
Registrert status hos politiet: Avsluttet. Statusen gjelder politiets registrering og er ikke en vurdering av situasjonen nå.