I samband med ulykka observerte politiet at ein bilførar filma med mobiltelefon då ho passerte åstaden. Kvinna i slutten av 20-åra erkjente forholdet og vedtok eit forenkla forelegg.
Bilen er berga og vegen er open for normal trafikk.
Ambulanse er framme på staden og har undersøkt dei involverte. Dei framstår uskadd, men vert frakta til sjukehus for undersøking. Bilen sperrar delvis eine køyrefeltet. Dette medfører litt trafikale utfordringar. Manuell dirigering medan vi ventar på berging.
Naudetatane rykker ut etter melding om trafikkulykke på fv 650 Storfjordvegen på Sjøholt. Ein bil har køyrt av vegen ved Vallbøen. Eit utanlandsk ektepar i bilen. Begge framstår uskadd.
Om hendelsen og datakilden
Registrert status hos politiet: Avsluttet. Statusen gjelder politiets registrering og er ikke en vurdering av situasjonen nå.