ÅTVARING OM SVINDELFORSØK. Vi har fått fleire meldingar denne veka frå innbyggarar som har blitt utsett for svindelforsøk over telefon. Samtalen kjem frå eit tilsynelatande norsk nummer som startar på +47. Nokre har fått beskjed om at det er oppdaga mistenkeleg aktivitet med pass/ID-kort, og blitt bedd om å taste 1 for å gå vidare. Andre opplyser at dei har fått melding om ei arrestordre knytt til kvitvasking, med krav om betaling i kryptovaluta. Opplever du dette må du avbryte samtalen med det same, og ikkje gi frå deg personopplysningar eller følge opp krava. Dette er eit forsøk på svindel, og det er ikkje politiet som har ringt .
Om hendelsen og datakilden
Registrert status hos politiet: Avsluttet. Statusen gjelder politiets registrering og er ikke en vurdering av situasjonen nå.