Politiet gjennomfører framleis søk etter mannen i 30-åra som er sikta for grov kroppsskade etter valdshendinga i Elnesvågen. Den sikta mannen rømte frå staden etter valdshendinga, og har god kjennskap til området. Politiet har mottatt fleire tips som blir følgt opp fortløpande. Politiet mistenker at mannen oppheld seg i nærmiljøet i Elnesvågen. – Vi deler bilde av den sikta i håp om at det skal gi oss fleire tips som kan vere nyttige i den vidare etterforskinga og som kan føre til lokalisering av mannen. Om nokon har observert den sikta, eller sett noko mistenkeleg, ber vi om at ein ringer direkte til politiet på telefon 02800, eller sender inn tips via tips-portalen vår på politiet.no, seier politiadvokat Anders Skorpen-Trøen. Kontakt politiet ved observasjonar Den sikta mannen var kledd i mørk bukse og jakke, og ein kvit hettegensar/jakke når han rømte frå staden. Han har slank kroppsbygnad, skjegg og langt, raudt hår. Han er i 30-åra og snakkar norsk. – Vi har ingen haldepunkt for at mannen er farleg for andre, men kan ikkje utelukke det. Vi oppmodar derfor innbyggjarar som har informasjon om å ringe politiet direkte og ikkje ta kontakt med vedkomande, seier Anders Skorpen-Trøen.
Redigert
Det skal ha vært minst 2 personer innvolvert i hendelsen, en med status som fornærmet og en med status som mistenkt. Vi søker etter den mistenkte, som er en mann i 30 årene som har tilknytning til området. Politiet kjenner identiteten på mannen. Fornærmede er er fraktet intensiven Ålesund sykehus med ukjent skadegrad. Siste informasjon er at fornærmede er alvorlig til svært alvorlig skadd Vi etterforsker saken bredt, og har også kalt ut kriminalteknikere. Vi søker med flere ressurser etter antatt gjerningsmann. Søket vil pågå utover natten. Politiet er bevæpnet. Dersom publikum har informasjon i saken, kontakt oss på 02800.
Vi er framme på staden saman med ambulanse. Vi jobber med å få oversikt over situasjonen. Fleire personar er involert, minst ein er skadd.
Vi er på vei til Elnesvågen etter fleire meldingar om slagsmål utanfor ei privat adresse. Det skal ha vore feire personar involvert. Det er ukjent om nokon er skadd.
Om hendelsen og datakilden
Registrert status hos politiet: Avsluttet. Statusen gjelder politiets registrering og er ikke en vurdering av situasjonen nå.