Vogntoget er berga og vegen er open for normal trafikk.
Føraren har forklart at vogntoget kom utanfor vegbana og køyrde i grøfta i samband med møtande trafikk. Bilbergar har kome til staden, og den eine køyrebana vert sperra i samband med berginga. Dette vil truleg ta noko tid.
Vi har fått melding om at eit vogntog har køyrd av vegen og står i grøfta på E136 i Romsdalen ved Gravdehaug. Det er ikkje meldt om personskade, og øvrig trafikk går som normalt. Ei politipatrulje er på veg til staden for å undersøke forholdet.
Om hendelsen og datakilden
Registrert status hos politiet: Avsluttet. Statusen gjelder politiets registrering og er ikke en vurdering av situasjonen nå.