Politiet har vore på staden og har konferert med togleder. Ingen vidare tiltak frå politiet si side. Toget er farbart og VY følgjer opp saka vidare. Togtrafikken fortset som normalt på strekninga.
Patrulje er framme på Trengereid. Toget står ikkje ved stasjonen, men i ein tunnel ca 500 meter unna. Det blir jobba med å avklara omfanget, og dessutan om togtrafikken kan starta opp igjen. Hendinga påverkar ikkje trafikken på E16.
Kl 0857 meldt om eit steinsprang langs Bergensbanen. Eit passasjertog på veg til Oslo er treft av steinar, ingen personar er skadd. Hendinga skjedde ved Romslo.Toget står no i ro på Trengereid stasjon. Politiet er på veg til staden for å undersøkjer skadane.
Om hendelsen og datakilden
Registrert status hos politiet: Avsluttet. Statusen gjelder politiets registrering og er ikke en vurdering av situasjonen nå.