Kl. 0537: Røde Kors har komme i kontakt med to kvinner i eit telt ikkje så langt frå aktuell hytte. Det verkar som at dette er kvinnene som det har vore bekymring for. Dei er ikkje i nød eller har behov for hjelp. Dei frivillige og politipatruljen avsluttar søket.
Kl. 0127: Det er sett i verk redning etter to norske kvinner i tyveårene som er observert i turområdet Breheimen, Skogadalen. Dei skal etter seiande ha gått frå Fondsbu og ikkje komme fram til ei betent DNT-hytte dei har opplyst at dei skulle til. Det er fleire turgåarar som snakka med kvinnene i går og som har meldt si bekymring til tilsette på hytta. Det er krevjande terreng i området. Politiet kjenner ikkje identitetane til kvinnene og veit ikkje om dei treng hjelp eller om dei har endra turen undervegs. Lokal politipatrulje, mannskap frå Røde Kors og Norsk folkehjelp er kalla ut. Politiet koordinerer redningsaksjonen.
Om hendelsen og datakilden
Registrert status hos politiet: Avsluttet. Statusen gjelder politiets registrering og er ikke en vurdering av situasjonen nå.